Unfortunately we are not in operation this year, but we need a couple of "handymans" for maintennance and repair. Woodwork, scaffold and painting. Please send us an email with resyme.
Ein tradisjonsrik gard i Luster der det opp gjennom åra har vore drive med næringsliv utanom sjølve gardsdrifta. Hotelldrift har det vore i periodar heilt frå slutten av 1800 talet. Her var sagbruk, mølle, bakeri, meieri, slakteri og fram til 1962 var kaien eit viktig stopp for Bergensbåten. Den gamle tingstova som stod på kaien var det fyrste ordentlege møtestaden for heradsstyret.
I Luster har me de beste av Norsk natur å vise fram og å boltre seg i. Fra korte kveldsturar i bygda til avanserte ekspedisjonar i Jotunheimen.
Me tilrår mange dagsturar i nærområdet, der du kan finne fram på eiga hand, eller me guider deg til dei finaste perlene i området. Molden og Fuglesteg er obligatorisk om du besøker Luster, som ogso Nigardsbreen og Urnes stavkyrkje. Dei mindre kjende plassane som Dalsdalen og Kilen, Børestein, Kringla, Helleset, Jagershaug og Fivla med Fivleselet er stader du møter mindre folk om du gjerne søkjer fred og ro.