Fanaraaken 4
Fanaraaken 5
Fanaraaken 2

NATUREN OMKRING DØSEN

Jotunheimen og fjorden


Ein kort biltur frå Døsen ligg ei mengde fjelltoppar over 2000 meter som alle kan ta seg opp på utan klatring. Fanaråken er den mest kjende og etter ein dagstur her kan du kome ned att til fjorden til eit forfriskande bad og etterpå grillle lokal kortreist sjøkreps i bålpanna på kaien.

På kaien er eit godt utrusta lysthus med det ein treng for å lage mat, oppvasken tek me.



Fanaråken


Dette synet får du frå Fanaråken, utsyn mot Turtagrø og heilt ned til fjorden



Store Skagastølstind

Fra steinbua Skagastølsbu må ein klatre for å kome vidare til "Storen" Men opp til bua på bandet kan ein kome til fots eller på ski om vinteren

hyttapåbandet

Hurrungane frå Jagershaug

Hellesetvatnet

Fivla med selet som Luster Turlag driv

Hellesete, Jagershaug og Fivla


Rett opp frå Døsen ligg Jagershaug som har fantastisk utsikt mot Jotunheimen og Hurrungane og Jostedalen. Like nedanfor Jagershaug ligg Hellesete med Hellesetvatnet.

Kartet viser ruter frå Døsen, turen går delvis på sti og veg og delvis i terrenget, men i godt vær er det greit å orientere seg. Heile turen frå Døsen, over Jagershaug, Fivla og ned til Kilen i Dalsdalen er ein fin dagstur.

Treng du guide til turen ordnar me med det.



Børestein


Rett opp frå Døsen ligg turmålet Børestein på vel 1000 meter. For den spreke er dette ein kveldstur, for dei andre ein fin dagstur. Gå gamlevegen frå Kvåle, gå eller køyr bil opp til Berge og gå derifrå.  Eller gå runden om Berge via gamlevegen og ned igjen bilvegen.


Fuglesteg 3
Furåsen

Fuglesteg


Garden Fuglesteg ligg på ei hylle 630 moh i Fortundalen og er ein kort dagstur for dei fleste. Steinhusa frå om lag 1830 er restaurerte etter ein brann og er no tilgjengeleg for turgåarar. Her serverer Luster Turlag kaffi og sveler. Turen tek til ved COOP butikken i Fortun og fyl merka sti og traktorveg oppover lia. Turen gir flott utsyn over Fortundalen og endar i idylliske og velstelte Fuglesteg med storslagent utsyn heilt til fjorden.

Like under Fuglested ligg Furåsen, gå over elva ved Vetleåsen og følg vegen fram til den idylliske garden